Karen Ellemann

Karen Ellemann

Fødd26. august 1969 (55 år)
Charlottenlund
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiVenstre i Danmark
Yrkepolitikar, journalist, lærar
Utdanna vedHolte Gymnasium
N. Zahles Seminarium
MorHanne Ellemann-Jensen
FarUffe Ellemann-Jensen
Alle verv
  • Minister of Social Affairs of Denmark (2015–2016)
  • Danmarks likestillingsminister (2016–2018)
  • Nordisk samarbeidsminister (Danmark) (2016–2018)
  • Danmarks innenriksminister (2015–2016)
  • medlem av Folketinget
  • Danmarks miljøminister (2010–2011)
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget (–2022) Sjå dette på Wikidata

Karen Ellemann Kloch (fødd 26. august 1969) er en dansk politikar (Venstre). Ho har vore medlem av Folketinget for Københavns omegns storkrins sidan 2007. Ellemann har hatt flerie ministerposter i regjeringane til Lars Løkke Rasmussen.

Ellemann er dotter av tidlegare utanriksminister og Venstre-leiar Uffe Ellemann-Jensen og syster av Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensen.[1] Ho gifta seg i 2011 med direktør Kresten Kloch.[2]

Ellemann arbeidde innen marknadsføring, kommunikasjon, underhalding og journalistikk før ho utdanna seg til folkeskulelærar. Ho var lærer og kommunepolitikar då ho blei vald inn i Folketinget.

Ellemann var innanriks- og sosialminister frå 2009 til 2010 og miljøvernminister frå 2010 til regjeringsskiftet i 2011. Ho var også minister for nordisk samarbeid frå 2010 til 2011. Då Lars Løkke Rasmussen på nytt danna regjering i 2015, blei Ellemann igjen sosial- og innanriksminister. Frå regjeringsutvidinga i 2016 til 2018 var ho minister for likestilling og nordisk samarbeid; frå 2017 til 2018 hadde ho også ansvaret for fiskerisaker.

Ellemann har vore formann i Foreningen Norden i Danmark.[3]

  1. «Ny Ellemann har kurs mod Folketinget». Jyllands-Posten (på dansk). 31. mars 2010. Henta 12. august 2014. [daud lenkje]
  2. Miles, James Kristoffer (20. august 2011). «Uffe førte ikke sin datter op ad kirkegulvet». B.T. (på dansk). Henta 12. august 2014. 
  3. «Karen Elleman valgt som formand for Foreningen Norden». Politiken (på dansk). 12. mai 2013. Henta 12. august 2014. 

Developed by StudentB